Bli abonnent – få full digital tilgang!
OL-tilbod: Kun 1 kr ut mars!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Alle medisinpakningar er, etter krav frå EU, merkte med punktskrift. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK NB: Biletet kan brukast fritt, uavhengig av merking.
Alle medisinpakningar er, etter krav frå EU, merkte med punktskrift.

Blindeskrifta feirar 200 år

Publisert Sist oppdatert

– Punktskrift er utvilsamt den oppfinninga som har vore viktigast for livet mitt. Utan ho ville eg kjent meg som analfabet. Du kan jo berre tenkje deg sjølv – korleis livet ditt ville ha vore utan eit skriftspråk, seier Sverre Fuglerud i Noregs Blindeforbund.

I år er det 200 år sidan den 16 år gamle franskmannen Louis Braille ferdigutvikla punktskrifta og med det opna opp ei heilt ny verd for blinde og svaksynte. I skriftsystemet, som heiter braille etter opphavsmannen, blir bokstavar, tal og andre teikn markerte innanfor små ruter med plass til seks punkt. Punkta kan danne kombinasjonar av 63 ulike teikn, som ein les ved å føre fingertuppane over teikna frå venstre mot høgre.

Skuffa og utolmodig

I følgje Noregs Blindeforbund er det rundt 3000 punktskriftbrukarar i Noreg i dag. For dei er det heilt avgjerande at all informasjonen dei treng i kvardagen er skriven med bokstavar dei forstår.

Powered by Labrador CMS