Det syner nye målingar frå Justervesenet
, som likevel påpeiker at vektauken faktisk stemmer betre overeins med dei historiske verdiane til prototypen av kilogrammet.
Vektauken kjem truleg av danninga av tynne oksidlag over tid. Prototypen er laga av ei legering av 90 prosent platina og 10 prosent iridium. Legeringa er motstandsdyktig mot korrosjon, men ikkje immun.
– Legeringa kan danne tynne oksidlag over tid, noko som kan påverka den målte massen, seier overingeniør Muhammad Awais frå Justervesenet i ei pressemelding.
For å sikre nøyaktigheit i målingane, nyttar Justervesenet ikkje berre prototypen, men også to primærnormalar i rustfritt stål. Denne kombinasjonen hjelper til med å minimere eventuelle feil i kalibreringsprosessen.
(©NPK)