– Dronninga har det bra, står det vidare i ei pressemelding.
Kongehuset opplyser at dronninga blir på Rikshospitalet i Oslo i éin til to dagar. Ho vart lagd inn onsdag ettermiddag.
Dronninga har fått innlagt pacemaker som følgje av at ho fekk hjarteflimmer, nærare bestemt framkammerflimmer, på ein skitur laurdag. Ho vart innlagd til observasjon på sjukehuset i Lillehammer laurdag kveld og utskriven igjen søndag morgon.
Også kong Harald har fått operert inn pacemaker. Det skjedde i mars i fjor etter at han vart sjuk under eit ferieopphald i Malaysia.
Ein pacemakeroperasjon er stort sett unnagjord på ein times tid. Det er ikkje rekna som veldig risikabelt, ifølgje kardiolog Ole Christian Mjølstad.
– Det er klart at alle inngrep inneber ein viss risiko, men i dette tilfellet er han liten. Det er eit rutineinngrep, og dei som gjer det, kan det veldig godt, sa han til NTB tidlegare i veka.