Det var eit helikopter av typen Sikorsky S-92 som styrta vest av Bergen onsdag kveld.
FOTO: RONNIE ROBERTSON
ILLUSTRASJONSFOTO: RONNIE ROBERTSON

Equinor kansellerer alle helikopterturar ut dagen

Alle helikopterturar til og frå oljeplattformer blir kansellerte ut dagen som følgje av snøvêr og statisk aktivitet, opplyser Equinor.

– Dagens turar er kansellerte på grunn av snøbyer/statisk aktivitet, heiter det i ei melding frå Equinor på heliport.no.

Tidlegare fredag innstilte Equinor alle helikopteravgangar inntil vidare og varsla forseinkingar ut heile dagen. No er altså alle helikopterturar kansellerte.

Statisk aktivitet er eit fenomen som er vanleg i Nordsjøen på vinteren. Helikopter blir vanlegvis negativt lada når dei er i lufta, og kan hamne i nærleiken av positivt lada skyområde. Utladinga som oppstår, kan føre til store skadar på helikopteret, men er sjeldan farleg for passasjerar og mannskap.