Ei stor internasjonal undersøking viser at folk flest har høg tillit til forskarar, men Noreg ligg under det internasjonale snittet.
Det er spesielt tilliten til klimaforskarar som trekkjer ned snittet.
241 forskarar har spurt 71.922 menneske frå 68 ulike land om tilliten deira til forskarar. Førsteamanuensis Silje Kristiansen og professor Håvard Haarstad ved Senter for klima og energiomstilling (CET) ved Universitetet i Bergen deltok frå Noreg.
– Faktisk så ser vi lågare tillit til klimaforskarar i Noreg enn i Sverige og USA. Sjølv om forskjellane er små, er dette noko å halde eit auge med, seier Kristiansen i ei pressemelding.
På ein skala frå 1 til 5, frå svært låg til svært høg tillit til forskarar, svarte folk 3,62 i snitt. 52 prosent av dei som svarte meiner også at forskarar bør vere med involvert i politikk.
Undersøkinga viste at i vestlege land har folk med høgreorienterte politiske synspunkt mindre tillit til forskarar enn dei med venstreorienterte synspunkt. Samtidig var politisk orientering og tillit til forskarar urelatert i dei fleste andre land.
(©NPK)