Mønsteret er spesialutvikla til bruk i norsk natur, og det ligg mange år med forsking bak, opplyser sjefforskar Gorm Krogh Selj ved Forsvarets forskingsinstitutt til TV 2.
– Testane våre viser at det nye mønsteret er vanskelegare å oppdage enn alle andre kamuflasjetypar vi har testa. Dette gir eit målbart betre vern av soldaten ved evna soldaten har til å kamuflere seg, seier han.
Dei nye uniformene går under nemninga nordisk stridsuniform – Nordic Combat Uniform (NCU) – og er eit nordisk samarbeidsprosjekt. Dei nordiske landa skal ha det same grunnleggjande systemet, men med ulike kamuflasjemønster.
– Fellesanskaffinga har mellom anna gjort sitt til å redusere innkjøpskostnadene. Anskaffinga av dei nye uniformene er ein viktig milepæl for det nordiske materiellsamarbeidet, seier forsvarsminister Bjørn-Arild Gram (Sp) til TV 2.
Han deltok på presentasjonen av dei nye uniformene ved garnisonen i Sør-Varanger fredag. Soldatane her er dei første i Forsvaret til å ta dei nye uniformene i bruk.
– Det samla behovet for å skaffe nok uniformsutrusting og bytereserve er rekna til om lag 3,7 milliardar kroner. Dette skal brukast over ein periode på fleire år, seier han.
Målet er at heile Forsvaret har teke dei nye uniformene i bruk i løpet av 2026.
(©NPK)