Karmøy politistasjon.
FOTO: GOOGLE STREET VIEW
Karmøy politistasjon. FOTO: GOOGLE STREET VIEW

Karmøy: Politiet ønskjer tips om forsvinning

Politiet har sidan 7. januar leita etter ein sakna mann i starten av 30-åra frå Karmøy.

Det var familien som meldte han sakna. Mannen var mest sannsynleg iført kvite vinterklede med svarte detaljar og svarte sko då han forsvann.

— Politiet og frivillige har leita etter mannen sidan tysdag, utan å lukkast med å finna han. Søk er gjort i aktuelle område, men diverre utan funn, seier Linn Tove Strand, seksjonsleiar for etterretning og etterforsking på Karmøy i ei pressemelding fredag.

Siste kontakt mellom den sakna og familien var 5. januar.

— Vi held fram med etterforskinga av saka og vil fortløpande vurdera vidare etterforskingsskritt. Om nye søk skal setjast i verk, vil det vera basert på spesifikk informasjon, seier Strand.

Etterforskinga vil søkja å finna svar på kvar den sakna er. Det er ikkje mistanke om at noko straffbart har skjedd.

Politiet er framleis interessert i tips i saka. Har nokon tips, kan dei melda frå til politiet på deira nettside eller på telefon 02800.