Det seier vakthavande meteorolog Karen Jarstø Ervik til NTB.
Nordland kan også få snø i løpet av helga, opplyser ho.
Spesielt på søndag er det venta kaldare vêr i nord.
Farevarsel for regn og snøskredfare
Onsdag er det gult farevarsel ute om mykje regn for sørlege delar av Nordland og nordlege delar av Trøndelag.
Det er også sendt ut farevarsel for snøskred, og jord-, sørpe- og flaumskred for store delar av landet. Om desse vil gjelde for helga, er ikkje sikkert enno.
– Farevarsla blir vurderte opp mot dagen, og så blir dei sende ut fortløpande der det er aktuelt. Men det blir nok mykje vind til helga uansett, seier Ervik.
Ho oppmodar bilistar til å vere tolmodige og køyre forsiktig då det er glatte vegar fleire stader.
Best vêr på Aust- og Sørlandet
Det er Austlandet og Sørlandet som blir vêrvinnarane i helga, sjølv om det ikkje er mykje sol i sikte.
– Det er ikkje meldt så tungt skydekke. Det kan bli lett nedbør i Oslo i løpet av helga, men ikkje masse. Det ser ut til at det blir ganske milde temperaturar og fint på Austlandet, seier den vakthavande meteorologen.
Heller ikkje på Sørlandet er det venta mykje nedbør, men gradestokken kan falle litt mot minussida, opplyser Ervik.
Trass i mildare temperaturar ser ikkje Ervik bort frå at vinterkulda kan komme tilbake.
– Vinteren har akkurat byrja. Vi er vande til at det kjem mykje mildvêr i januar og februar, men at det blir kaldare igjen mot mars, seier Ervik.
(©NPK)