Kvinner født i 1991 og seinare får tilbod om gratis HPV-vaksinering, per i dag får dei vaksinen Cervarix. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK
Kvinner født i 1991 og seinare får tilbod om gratis HPV-vaksinering, per i dag får dei vaksinen Cervarix.

Noreg held fram med Cervarix som HPV-vaksine

Spesialistgruppa som vurderer anbod på HPV-vaksine i Noreg, har vedteke å halde fram med Cervarix, som vernar mot dei to vanlegaste HPV-variantane.

Publisert Sist oppdatert

Dermed gjekk det som fagmiljøet trudde – og frykta, sjølv om dei ytra håp om at valet skulle falle på Gardasil 9, ein litt dyrare vaksine som dekkjer ni typar HPV, inkludert to som kan gi kjønnsvorter.

– Sjølv om vi respekterer den nylege avgjerda om å tildele anbodet til Cervarix, er vi bekymra for at denne vaksinen ikkje dekkjer eit breitt spekter av HPV-typar samanlikna med andre tilgjengelege vaksinar, skriv overlege Sveinung Sørbye ved klinisk patologi, Universitetssjukehuset Nord-Noreg, i ein e-post til NTB.

Cervarix tilbyr vern mot HPV type 16 og 18, som er ansvarlege for ein stor del av tilfella av livmorhalskreft, men manglar vern mot andre typar som også bidreg til kreft og kjønnsvorter.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS