Med eit fall på over 40 prosent i søkartal sidan 2018, lanserer Universitetet i Stavanger (UiS) eit nytt årsstudium for å auke interessa for læraryrket.
Det nye studiet i læring og psykologi er meint å gi studentar ein smakebit på læraryrket utan å binde seg til eit femårig utdanningsløp. Studentane vil få praksis frå starten av, noko som skal hjelpe dei å finne ut om læraryrket passar for dei.
– Vi legg til rette for eit forsøksår, der studentane kan prøve og lukte litt på dette studiet og yrket, seier rektor Mohn til NRK.
Han synest dei fallande søkjartala til lærarutdanningane er «urovekkjande».
Studiet inkluderer pedagogisk psykologi for å utruste framtidige lærarar med kunnskap om psykologiske utfordringar i skulen.
(©NPK)