– Strandsøppel er éin av fleire indikatorar som blir brukte for å seie noko om korleis vi menneske påverkar det marine miljøet. Ved systematisk å kartleggje mengd, type og samansetning av søppel på desse strendene, får vi verdifull innsikt i status og trendar i havområda våre, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet, i ei pressemelding.
Noreg har overvaka strandsøppel ved sju norske strender sidan 2011. No styrkjer Miljødirektoratet miljøovervakinga og aukar talet på strender til 15.
Miljødirektoratet oppmodar befolkninga å la søppelet liggje ved desse 15 strendene, som er lokaliserte langs heile kysten og Svalbard. Strendene vil bli tydeleg skilta i løpet av 2025.
Strandovervakinga er ikkje noko Noreg gjer åleine, men inngår i eit nettverk av tilsvarande overvaking av strender i mange andre land.
Resultat frå både tidlegare og årets kartlegging, viser at over 95 prosent av søppelet som blir registrert på strendene er av plast. Snøre, liner og tau mindre enn 1 centimeter i diameter, og dessutan store og små bitar av plast, er blant toppfunna frå registreringane i fjor.
Fleire overvakingsstrender og hyppigare registreringar ved desse, vil gjere det lettare å finne ut kva for førebyggjande tiltak mot forsøpling som er mest treffsikre. Krav om at korkar og lokk i plast skal sitje fast på drikkevarebehaldarar av plast til eingongsbruk, er eit konkret tiltak som nyleg er sett i verk.
(©NPK)