Burettslagsbustader i Oslo. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK
Burettslagsbustader i Oslo. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK

Prisane i burettslag fall i fjerde kvartal – det er venta sterk prisvekst i 2025

Prisane på burettslagsbustader fall med 2 prosent frå tredje til fjerde kvartal i fjor. I løpet av heile året gjekk dei opp med 5,2 prosent, ifølgje NBBL.

– Bustadprisane fell vanlegvis i fjerde kvartal. Nedgangen var litt mindre enn normalt for kvartalet, skriv Norske Boligbyggelags Landsforbund (NBBL) i ei pressemelding.

Prisen på burettslagsbustader var 5,2 prosent høgare i fjerde kvartal samanlikna med same periode for eitt år sidan.

Ein burettslagsbustad kosta i gjennomsnitt 4,1 millionar kroner i tredje kvartal.

– Framover peikar dei fleste piler mot at bustadprisane skal auke mykje, seier sjeføkonom Hilde Midsem i NBBL.

Ho viser til reallønnsvekst både i fjor og i år, lågare lånerenter i år og lettane i utlånsforskrifta, som betyr at mange kan ta opp meir lån.

– Vi reknar med at bustadprisane aukar med 8 prosent i løpet av 2025 som årsgjennomsnitt. Det inneber ein bustadprisvekst på 9,5 prosent frå desember 2024 til desember 2025, seier Midsem.

(©NPK)