Tidlegare har forskarar ved Nasjonalt senter for aldring og helse i samarbeid med internasjonale kollegaer, vist at det er ein samanheng mellom redusert høyrsel og demens. No slår dei fast at det er ein samanheng med redusert kognitiv funksjon, også hos personar som ikkje er demente.
— Studien vår understrekar behovet for tidleg oppfølging og behandling av høyrselstap som ein del av førebygging mot kognitiv svekking hos både dei med og dei utan demens. Høyrselstap er ein viktig, modifiserbar risikofaktor for kognitiv nedgang, seier førsteforfattar av studien, Christian Myrstad.
Han fortel at studien også viser korleis høyrselstap kan påverke spesifikke kognitive område, som hukommelse og problemløysing. Med ei oppfølgingstid av studiedeltakarane på over 20 år, gir forskinga ei unik innsikt i korleis høyrsel påverkar hjernehelsa gjennom livet.
Forskarane håpar at funna vil bidra til auka forståing av tap av høyrsel som ein del av folkehelsearbeidet.
(©NPK)