Laurdag aukar både straumprisen og forskjellane i pris mellom regionane. Sørlandet, NO2, får den dyraste straumen.
På det meste er spotprisen på Sørlandet 40 prosent høgare enn på Austlandet laurdag, skriv bransjenettstaden Europower.
Ifølgje Europower har det dei tre siste vekene vore små prisforskjellar, særleg mellom NO1, Søraust-Noreg, og NO2, Sørvest. Men laurdag blir det altså annleis.
Prisen i NO2 aukar med 50 prosent frå fredag til laurdag og hamnar på 109 øre. Alt dette er før nettleige, avgifter og eventuelt fråtrekk frå straumstøtte, medan NO1 får ein auke på berre 22 prosent, til 91 øre.
I enkelttimar blir forskjellen langt større. Klokka 14 skil det heile 43 øre/kWh mellom dei to prisområda. I den timen får altså kraftprodusentar i NO2 40 prosent betre betalt i spotmarknaden, enn dei på Austlandet, skriv Europower.
(©NPK)