– Det kjennest som ein klapp på skuldra og at me gjer noko rett, seier Tore Pang dagleg leiar i hiphopfestivalen Xplosif.
Han har fått tildelt 100.000 kroner til å arrangere festival med i 2025. Xplosif er ny på lista over festivalane som får støtte.
– For oss som driv ein litt «nerdete» festival som Xplosif er det utruleg viktig med støttespelarar som Kulturrådet. Det gir oss økonomisk tryggleik, men også tyngde når vi skal hente private sponsorar og overtyda kommune og fylke om at me fortener støtte.
Frå til saman 562 søknadar til dei to ordningane er det gitt tilskot til 175 musikkfestivalar og 171 konsertarrangørar over heile landet. Til saman er det delt ut 192 millionar kroner, hovudsakleg for arrangement i 2025.
– Tilskota bidreg til at både dei som bur i by og bygd får eit rikt konserttilbod. Slik får heile landet tilgang til levande musikk, sjølv om ein ikkje bur i nærleiken av dei største institusjonane og konsertarenaene, seier leiar for Kulturrådets musikkutval for arrangør- og festivalstøtte, Ivar Chelsom Vogt.
(©NPK)