– Det er ei uro at fråværet i dag er altfor høgt. Eg opplever at både helsepersonell, tillitsvalde og leiarar er opptekne av å jobbe saman for å få det ned, seier han til NTB.
– Frigjer 1500 årsverk
I Helse- og omsorgsdepartementet har dei rekna på det: Om sjukefråværet kjem tilbake på 2019-nivå, vil det frigjere 1500 årsverk. I tillegg vil det skape mindre press på kollegaene dersom færre er borte frå jobb.
– Så dette har eit stort, stort potensial, seier Vestre.
Sjukefråværet varierer mellom helseregionane, men i alle regionar har fråværet auka sidan 2019.
Dei siste tilgjengelege tala viser at Helse vest ligg lågast med eit sjukefråvær på 8,1 prosent (det var 7 prosent i 2019), medan Helse nord har det høgaste fråværet med 9,2 prosent (opp frå 8,1 prosent). Tilsvarande utvikling ser ein i Helse sør-aust og Helse Midt-Noreg.
Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap) meiner betre leiing, betre turnus og betre samarbeid er ein viktig nøkkel til å få ned sjukefråværet på sjukehusa. Foto: Thomas Fure / NTB / NPK
Vestre flettar samtidig inn debatten om sjukelønnsordninga. Det viktigaste er å bruke tid og energi på tiltak som ein veit har effekt i staden for å gjere folk usikre, meiner han.
– Det å skape uro om lønnstryggleiken, det er ei avsporing, seier han.
Ønskjeturnus og betre leiing
På føretaksmøtet onsdag ettermiddag vil helseregionane få beskjed om å intensivere arbeidet for å få sjukefråværet ned. Vestre listar opp grep ein har hausta god erfaring med:
* Systematisk oppfølging av tilsette som er sjukmelde.
* Leggje meir til rette for fleksibilitet og at tilsette kan komme med ønske om turnus og arbeidstid.
* Auka kompetanse hos leiarane. Rutinar som skal sikre betre samarbeid.
* Betre fagleg oppfølging av nytilsette.
Helseministeren seier han vil følgje med på tala månadleg, og at det skal rapporterast om utviklinga i juni.
Sjukehustalen har vorte helsetalen
Sjukefråvær er eit av temaa Vestre tek opp når han onsdag taler til helsesektoren frå Radiumhospitalet i Oslo.
Dette er den første sjukehustalen til Vestre etter at han tok over som helseminister i april i fjor – ein tale som no er døypt om til å heite helsetalen. Det er fordi Vestre bruker talen til å seie noko om forventningar og krav også til kommunehelsetenesta.
– Dette blir som julaftan! seier Vestre, som gler seg til å halde talen, der han også vil snakke om mellom anna helsekøar og samhandling mellom sjukehus og kommunehelseteneste.
Talen blir halden kvar januar i samband med at helseregionane får oppdragsdokumentet sitt. Der legg statsråden fram forventningar og mål for verksemda i året som kjem.
(©NPK)