Tilskotet er meint for kommunar med mindre enn 5000 innbyggjarar og har som mål å redusere vaktbelastninga for allmennlegar og betre rekrutteringa i distrikta, skriv Helse- og omsorgsdepartementet i ei pressemelding.
– Regjeringa oppretta legevakttilskotet i 2022 og styrkte det med 20 millionar i 2024. I år styrkjer vi tilskotet med ytterlegare to millionar. Det er viktig for å sikre alle innbyggjarar tilgang til ein god legevaktteneste, uansett kvar dei bur, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.
Ei kartlegging frå 2021 viste at vaktbelastninga er størst i dei minste kommunane, som ofte slit med å halde på og rekruttere allmennlegar. Tilskotet har tidlegare blitt brukt til å sikre nok kvalifisert personell til å dekkje legevaktene, og til å gi kurs og opplæring for å auke kompetansen blant legevaktlegar.
Totalt 157 kommunar kan søkje om tilskot gjennom denne ordninga.
(©NPK)