Det var smekkfullt under 17. mai-feiringa i Etne. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Noreg nærmar seg 5,6 millionar innbyggjarar. Her frå ei 17. mai-feiring i Etne. ARKIVFOTO: SVEIN-ERIK LARSEN

Befolkninga voks i fjor – ukrainarar nest største gruppe

I det vi gjekk inn i 2025 budde det 5.594.300 personar i Noreg, 44.100 fleire enn eitt år tidlegare, viser nye tal frå SSB.

Både fødselsoverskot og nettoinnvandring bidrog til befolkningsveksten.

54.000 babyar vart fødde i Noreg i fjor, 2030 fleire enn året før. Dermed auka fødselsoverskotet til 9.771, sjølv om talet på døde også auka.

– På landsnivå er det sjeldan store endringar i fødsels- og dødstala frå år til år. Tala på kor mange som flyttar inn og ut av landet, svingar meir, seier seniorrådgivar Magnus Haug i SSB.

På tre år har talet på ukrainske statsborgarar i Noreg auka frå 3600 til 80.300. Det gjer dei til den nest største gruppa utanlandske statsborgarar, etter folk som kjem frå Polen.

– Til samanlikning er det 111.100 polske statsborgarar, medan 48.900 litauarar utgjer den tredje største gruppa, seier seniorrådgivar Magnus Haug i SSB.

56,6 prosent av ukrainarane er kvinner, samanlikna med 49,5 prosent i resten av befolkninga. Dei er også yngre: vel 80 prosent av ukrainarane er under 50 år, mot 61,5 prosent av resten av befolkninga.

I fjor kom det likevel 12.600 færre ukrainarar enn året før. Totalt var det 20.500 færre innvandringar enn året før, som gav ei nettoinnvandring på 34.083 personar.

(©NPK)