Kong Harald og kronprins Haakon helsar på ukrainske flyktningar i Oslo i mars 2022. No viser ei undersøking at stadig færre vil tilbake til heimlandet sitt. Foto: Terje Pedersen / NTB/ NPK
Kong Harald og kronprins Haakon helsar på ukrainske flyktningar i Oslo i mars 2022. No viser ei undersøking at stadig færre vil tilbake til heimlandet sitt. Foto: Terje Pedersen / NTB/ NPK

Berre éin av ti ukrainarar vil tilbake etter krigen

Andelen ukrainske flyktningar som ønskjer å reise tilbake til heimlandet, har sokke kraftig i det siste.

Andelen ukrainske flyktningar som ønskjer å reise tilbake til heimlandet, har sokke kraftig i det siste.

Berre éin av ti ukrainarar i Noreg ønskjer å reise tilbake når krigen er slutt, melder TV 2.

Så langt har 88.500 ukrainarar fått mellombels kollektivt vern i Noreg.

– I starten var det rundt 20 prosent av flyktningane som sa at dei ønskte å bli verande. No er det 47 prosent. Det har dermed vore ein tydeleg auke blant dei som ønskjer å bli, seier seniorforskar Vilde Hernes ved Oslomet, som leier forskingsprosjektet.

Mange av dei spurde oppgir at ein av dei viktigaste grunnane til at dei ikkje ønskjer å dra tilbake, er at dei ikkje stoler på at Russland skal overhalde ein fredsavtale.

Kartlegginga om å reise heim er gjort av Oslomet på oppdrag frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet. Dei har gjort slike undersøkingar sidan Russland gjekk til fullskala angrepskrig for tre år sidan.

(©NPK)