Nesten alle grunnskular og vidaregåande skulane praktiserer mobilforbod, eitt år etter tilrådinga. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Nesten alle grunnskular og vidaregåande skulane praktiserer mobilforbod, eitt år etter tilrådinga.

Eitt år med mobilfrie skular

Kunnskapsministeren meiner reguleringa av mobilbruk i skulen førebels har vore ein suksess.

Publisert Sist oppdatert

I februar fjor kom Utdanningsdirektoratet med ei nasjonal tilrådinga om å regulere bruk av private mobiltelefonar og smartklokker i skuletida for elevar. På vårparten hadde 96 prosent av grunnskulane og 64 prosent av vidaregåande skular innført mobilreglar, ifølgje ei oversikt henta inn frå undersøkinga Spørsmål til skole-Norge».

– Eg er veldig fornøgd med at mobilen ikkje lenger har ein plass i skulen. Elevar og lærarar eg møter, fortel at mindre mobil har gitt meir ro og konsentrasjon, meir samhald, meir fysisk aktivitet i klasserommet. Eg er glad vi valde ei tilråding og ikkje ein omfattande lovprosess som hadde teke veldig lang tid, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) i ei pressemelding.

Tilrådinga er ein del av ein rettleiar som viser korleis kommunar og fylkeskommunar kan løyse mobilregulering lokalt.

(NPK)

Powered by Labrador CMS