Elbilandelen for nye bilar seld i januar endar på godt og vel 96 prosent. Målet om berre sal av nullutsleppsbilar i 2025 er i praksis er oppnådd, seier NAF.
– No er vi i praksis i mål med eit nybilsal som er nullutslepp. Med ein skyhøg elbilandel i nybilsalet held utskiftinga av bilparken fram, og utsleppa går ned, seier senior kommunikasjonsrådgivar Nils Sødal i NAF.
Naf ber samtidig om at elbilfordelane blir haldne oppe sånn at elbilandelen ikkje søkk. Mellom anna er det fritak for moms for elbilar under 500.000 kroner.
Dei åtvarar også mot å innføre forbod mot bensin- og dieselbilar for å nå dei siste prosentane.
– At nokre få kjøper bensin- og dieselbilar, har lite å seie for klimamåla, seier Sødal.
(©NPK)