– Fastrentene går litt opp, men held fram med å vere lågare enn den flytande renta som gjeld frå 1. mars. Vi må tilbake til januar i fjor for fastrenter høgare enn flytande studielånsrente, seier Anette Bjerke, kommunikasjonsdirektør i Lånekassen.
Frå 1. mars vil fastrentene på studielån vere:
4,765 prosent for tre års bindingstid (opp 0,048 prosentpoeng)
4,707 prosent for fem års bindingstid (opp 0,096 prosentpoeng)
4,688 prosent for ti års bindingstid (opp 0,105 prosentpoeng)
Flytande rente som gjeld frå 1. mars, vil vere 5,175 prosent.
Rentene i Lånekassen er baserte på gjennomsnittet av dei fem beste tilboda om bustadlån i marknaden. Frå dette snittet blir 0,15 prosentpoeng trekt, som gir Lånekassens renter.
(©NPK)