Nye tal frå Utdanningsdirektoratet viser at over halvparten av elevane som byrja på vidaregåande skule hausten 2024, starta på yrkesfag, skriv Kunnskapsdepartementet.
Størst auke er det på teknologi og industrifag, og helse- og oppvekstfag. Etter ein kraftig nedgang under pandemien, er det i år nesten 700 fleire elevar som byrjar på helse- og oppvekstfag samanlikna med i fjor.
Samtidig viser tala at færre elevar vel realfag på studiespesialisering. Berre 34 prosent av elevane valde realfag som programområde i haust, og færre valde realfag som program- og valfag.
– Vi treng fleire dyktige og dedikerte fagarbeidarar for å løyse dei store samfunnsutfordringane. Derfor gjennomfører vi eit kraftig løft for yrkesfaga, og det ser vi resultat av, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap).
(©NPK)