75 prosent av hushalda ventar at bustadprisane skal halde fram med å auke, og eit fleirtal ventar lågare renter framover, viser NBBLs Boligmarkedsbarometer.
– Dette peikar mot høg etterspurnad i bustadmarknaden. Forventningar til høgare bustadprisar og lågare lånekostnader gir grunn til å hoppe ned frå gjerdet dersom ein planlegg bustadkjøp, og kanskje tør ein å strekkje seg litt ekstra i bodrunden, seier Hilde Midsem, sjeføkonom i NBBL.
Bustadprisforventningane har aldri vore så høge, som i januar og februar, sidan Norske Boligbyggelag starta undersøkinga Boligmarkedsbarometeret i 2018.
Sjølv om 55 prosent trur at bustadlånsrentene vil gå ned, er det 10 prosentpoeng færre enn i januar. Samtidig auka andelen som trur på høgare renter framover frå 14 prosent i januar til 19 prosent i februar.
– Geopolitisk uro og handelskonfliktane som byggjer seg opp, kan ha bidrege til å gjere hushalda meir usikre på den vidare utviklinga i inflasjon og renter, forklarer Midsem.
(©NPK)