Etter at Tvinnereim kunngjorde at ho ikkje tek attval som nestleiar i Senterpartiet på landsmøtet i mars, har fleire peika på Bjørn Arild Gram som ny nestleiar.
Til Steinkjer-Avisa seier Gram at han er open for å bli nestleiar, dersom dei får ein bra kabal som tener partiet.
– Eg føler at eg framleis har ting å bidra med og ting som er ugjort. Det er derfor eg stiller meg disponibel som stortingsrepresentant frå hausten òg. Så viss det passar med meg i ein leiarkabal, så er eg open for det, seier Gram til avisa.
Fere fylkesleiarar som Nationen har snakka med, peikar på nyleg avgåtte forsvarsministeren.
Avgått justisminister Emilie Enger Mehl er til liks med partileiar Trygve Slagsvold Vedum frå Hedmark. Ho er nettopp gitt den viktige rolla som finanspolitisk talsperson, og det er lite sannsynleg med to hedmarkingar i partileiinga, skriv avisa.
(©NPK)