Ei ekspertgruppe meiner at fleire hundre tusen menneske i Norden kan vere ramma av seinfølgjer av covid-19.
– «Long covid» er eit stort helseproblem i alle dei nordiske landa. Samtidig finst det ikkje noko einskapleg helsetilbod til dei som er ramma, seier forskar og lege Arne Søraas til NRK.
Saman med ei rekke andre forskarar frå dei ulike landa i Norden, har han mellom anna vurdert omfanget av seinfølgjer frå covid i befolkninga.
Det har resultert i ein rapport, som konkluderer med at seks prosent av innbyggjarane i dei nordiske landa har vore ramma i større eller mindre grad. Ein prosent har sterke plager, som ofte varer i minst eitt år.
(©NPK)