Klimaendringar kan gi meir farleg muggsopp i mat
Varmare og fuktigare vêr kan gjere at ein farleg muggsopp blir vanlegare i importert mat og dyrefôr, ifølgje Veterinærinstituttet.
Nøtter, fiken og dadlar er typiske matvarer som blir importerte til Noreg frå tropiske område og som kan innehalde ein kreftframkallande muggsopp, ifølgje instituttet.
– Tidlegare har soppen vore avgrensa til tropisk klima, men har dei seinare åra spreidd seg til sørlege delar av Europa. Dette er direkte relatert til endra klima, seier forskar Gunnar Sundstøl Eriksen i Veterinærinstituttet.
Muggsoppgifta aflatoksin
vart funnen i fleire matvarer i fjor, og sist i kjøttbollar i slutten av januar. Ho er kreftframkallande og kan skade arvestoffet.
Eriksen forklarer at muggsoppen hovudsakleg veks i tropisk klima, og at gifta blir danna etter innhausting i fuktige forhold.
– Framtidige klimaendringar kan påskunde ei spreiing av muggsoppen endå lenger nordover, seier Eriksen.
Muggsoppen har også vore funnen i mais som blir brukt til dyrefôr, og dessutan pistasjnøtter og mandlar.
(NPK)