Han meiner alle bør vere klar over kva slags informasjon ein gir slike KI-modellar, og seier at dette gjeld alle KI-modellar. Likevel meiner han ein bør vere spesielt varsam med DeepSeek fordi appen er kinesisk.
– Det handlar også om at vestlege land har større restriksjonar med tanke på korleis informasjon blir brukt. I Kina, til dømes, pliktar ein som verksemd å samarbeide med og utlevere informasjon til kinesiske etterretningstenester og styresmakter dersom dei ber om det.
Han oppmodar norske leiarar til å vurdere eit forbod mot DeepSeek på tenesteeiningar, spesielt om ein meiner at informasjonen som skal brukast i modellen, er sensitiv.
(©NPK)