Forskar Marit Kvalvåg Pettersen viser fram laks pakka inn i tynnare plast.
Foto: Jon-Are Berg-Jacobsen
Nye emballasjereglar kan gi dyrare mat
Dei komande åra blir det store endringar i korleis matvarene i butikken er pakka inn. Det kan gi dyrare mat og dårlegare utval.
– I åra som kjem vil forbrukarane oppdage ein god del nytt med tanke på utsjånaden og funksjonen til matemballasje, seier seniorforskar og ekspert på emballasjematerialar, Marit Kvalvåg Pettersen i matforskingsinstituttet Nofima i ei pressemelding.
Emballasjen kjem til å bli enklare, ha færre fargar og fleire pakningar kjem til å bli gjennomsiktige. EU aukar også krava om at emballasjen skal brukast fleire gonger, noko som igjen kan bety nye panteordningar.
Lønsam gjenbruk