Skogpartia frå Mårlia i retning Ossjøen er stort sett naturskog. Her lever det mange trua artar. No vil regjeringa få betre oversikt over desse områda. Foto: NTB / NPK
Skogpartia frå Mårlia i retning Ossjøen er stort sett naturskog. Her lever det mange trua artar. No vil regjeringa få betre oversikt over desse områda. Foto: NTB / NPK

Nye kart skal gi betre oversikt over naturskog

Dei aller fleste av dei 1330 trua artane i skogane lever i gammal skog. No skal det lagast nye kart for å få betre oversikt over den norske naturskogen.

– For å ta vare på dei meir enn tusen trua artane som lever i den eldste skogen og snu bit-for-bit-nedbygginga, må vi vite kvar denne skogen finst, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap).

I januar kom Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet med ei oversikt over skog som ikkje er flatehogd etter 1940. No skal dei vidareutvikle dette kartet til å betre vise kvar vi har skog med strukturar som liknar på naturtilstanden.

Naturskog er skog som har fått utvikle seg i lang tid utan større inngrep frå menneske. Dagens kart kan brukast i skogvernarbeidet, men både kvaliteten og presisjonen kan likevel bli betre, skriv departementet i ei pressemelding.

(©NPK)