Det viser årsrapporten frå Nye metodar for 2024, skriv Dagens Medisin.
I snitt tok det i fjor 481 dagar frå eit legemiddel fekk marknadsføringsløyve i Noreg, til Beslutningsforum tok ei avgjerd om legemiddelet. Til samanlikning tok det 538 dagar i 2023.
Nye metodar er eit felles system for å vedta kva behandlingsmetodar som kan tilbydast i spesialisthelsetenesta.
(©NPK)