Nortura har tilbakekalla egg grunna forhøge nivå av vitamin D. Folkehelseinstituttet får no blant anna spørsmål om kor mange egg som kan etast før akutte helseeffektar kan oppstå. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK
Nortura har tilbakekalla egg grunna forhøge nivå av vitamin D. Folkehelseinstituttet får no blant anna spørsmål om kor mange egg som kan etast før akutte helseeffektar kan oppstå. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK

Over 100 har ringt Giftinformasjonen etter tilbaketrekking av egg

Giftinformasjonen har hittil ingen informasjon om at nokon er forgifta etter å ha ete egg med for mykje D-vitamin. Så langt har 118 ringt og spurt om råd.

Ni eggprodusentar kalla torsdag tilbake vareparti etter å ha fått fôr med alvorleg forhøgde verdiar av vitamin D. Det vart opplyst at egga kan vere helseskadelege.

– Giftinformasjonen har fått mange førespurnader frå folk om saka. Dei fleste har spørsmål rundt trygge mengder egg og eventuelle symptom, og dessutan om dei skal kontakte lege for vurdering. Ein del har symptom som dei er usikre på om kjem av inntak av egg, seier lege og seniorrådgivar farmasøyt Lene Solheim Jacobsen i Giftinformasjonen i ein e-post til NTB.

Symptom etter ei veke

Det har også vore ein del førespurnader frå legar rundt vurdering og oppfølging av pasientar.

– Har dei fått inn meldingar om forgiftingar som følgje av dette?

– Giftinformasjonen har ingen informasjon om forgiftingar knytt til dette så langt. Eventuelle symptom kan komme etter noko tid, så det er tilrådd å ta kontakt med lege dersom symptom oppstår inntil 1 veke etter siste inntak, seier Jacobsen, som tilrår å gå inn på sidene til Folkehelseinstituttet
, der dei vanlegaste spørsmåla er svart på.

Barn toler minst

FHI reknar med at kvart av egga som no blir kalla tilbake, kan ha innhald av rundt 300 mikrogram vitamin D, langt over det som blir tilrådd per dag, særleg for barn. Dei ber folk ta kontakt med lege viss dei har fått symptom etter å ha ete fleire egg enn dette dei siste tre–fire vekene:

– For barn under eitt år: 3 egg.

– For barn 1–8 år: 9 egg.

– For barn over 8 år og vaksne: 25 egg.

Symptom

Vitamin D finst berre i eggeplomma og ikkje i eggekvita. Symptom på akutt forgifting kan vere magesmerter, dårleg matlyst, hovudverk, svimmelheit, trøyttleik, muskelsvakheit, auka tørste og auka vasslating.

– Egga som blir kalla tilbake, kan ha eit svært høgt nivå av D-vitamin og kan gi helseskade. Vi ber derfor dei som har ete fleire egg enn nemnt over, og som har fleire av symptoma utan annan kjent årsak, om å kontakte lege for vurdering. Dette gjeld også om symptom oppstår i løpet av ei vekes tid, seier lege Lene Solheim Jacobsen ved FHI.

(©NPK)