Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Regjeringa inviterer til dugnad for meir ombruk, reparasjon og deling

No inviterer regjeringa næringslivet, stat og kommune, organisasjonar og hushald til felles innsats for ein økonomi der minst mogleg går til spille.

Publisert Sist oppdatert

– Vi må slutte å sløse med ressursane våre. Då må vi bort frå ein bruk-og-kast-økonomi og over til ein økonomi der vi i større grad reparerer, bruker om igjen og deler på ressursane. For å få til dette må mange aktørar klare å jobbe i same retning. Derfor lanserer vi no eit samfunnsoppdrag for sirkulær økonomi, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Samfunnsoppdraget skal sjå på konkrete utfordringar som aktørar frå næringsliv, finans, forsking, sivilsamfunn, kommunar og stat kan løyse saman.

Samfunnsoppdraget blir presentert nærare i klimameldinga.

– Målet vårt for dette arbeidet er at Noreg dei neste ti åra skal ha oppnådd ein stor auke i ombruk, reparasjon og deling av knappe ressursar, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

(NPK)

Powered by Labrador CMS