Fleire kreftpasientar som deltok i ein studie ved Oslo universitetssjukehus, fekk alvorlege biverknader. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK
Fleire kreftpasientar som deltok i ein studie ved Oslo universitetssjukehus, fekk alvorlege biverknader. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK

Sjukehus stoppa kreftstudie etter alvorlege komplikasjonar

Oslo universitetssjukehus har meldt seg sjølv til Helsetilsynet etter at fleire kreftpasientar som deltok i ein studie, fekk alvorlege biverknader.

Den eksperimentelle behandlinga vart gitt til pasientar gjennom eit samarbeid mellom Rikshospitalet og sjukehus rundt omkring i landet, skriv Aftenposten.

Det var særleg ei gruppe pasientar med tjukk- og endetarmskreft som fekk cellegift rett inn i levra gjennom ei pumpe som vart operert inn, i tillegg til ordinær cellegift, som fekk biverknader i form av alvorleg diaré.

Langvarig diaré tappar kroppen for væske, og hos kreftpasientar kan det forverre tilstanden ytterlegare og i nokre tilfelle vere livstruande.

Etter meldingane om biverknadene vart studien sett på vent 17. september i fjor, før han vart stansa 24. september. Helsetilsynet og Legemiddelverket vart også varsla om at fleire pasientar i studien hadde vorte uventa sjuke.

Oslo universitetssjukehus svarer ikkje på Aftenpostens spørsmål om saka. Dei viser i staden til ein fagleg gjennomgang og ein internrevisjon av studien, og dessutan ei melding på intranettet til sjukehuset.

(©NPK)