Tippekampane kan ein framleis sjå fysisk frå tribunane – men tippekupongen må leverast digitalt frå og med 2028. Foto: Terje Bendiksby / NTB /NPK
Tippekampane kan ein framleis sjå fysisk frå tribunane – men tippekupongen må leverast digitalt frå og med 2028. Foto: Terje Bendiksby / NTB /NPK

Slutt på tipping i butikk frå 1. januar 2028

Frå 1. januar 2028 blir det ikkje lenger mogleg å levere tippe- eller lottokupongen i butikken.

Flax-lodd er det einaste spelet frå Norsk Tipping som vil vere til sals over disk om tre år.

– Det er vemodig og rart at epoken med tradisjonell kommisjonærverksemd går mot slutten, ein partnarskap som strekkjer seg tilbake til Norsk Tippings fødsel. Men kundeutviklinga er tydeleg og klar, og det tvingar fram vanskelege val, seier kundedirektør Roger Soleim i selskapet i ei pressemelding.

Dalande omsetning i butikkar og kioskar gjer at stadig færre vil vere kommisjonær.

Av det totale salet er allereie rundt 90 prosent digitalt, og utviklinga held fram.

– Digitalisering som dette skjer på mange område i samfunnet. Også hos oss, seier Soleim.