Jonas Gahr Støre talte under Arbeidarpartiets landsstyremøte i Bergen måndag.
Foto: Paul S. Amundsen / NTB / NPK
Støre: Vi venta for lenge med fastpris på straum
Statsminister Jonas Gahr Støre seier Arbeidarpartiet venta for lenge med å lansere tilbodet om fastpris på straum til folk.
Ein offensiv partileiar vart teken imot med ståande applaus då han opna Arbeidarpartiets landsstyremøte i Bergen måndag ettermiddag. Blant dei første tinga Støre tok opp, var sjølvkritikk rundt den økonomiske politikken og handteringa av dei varierande straumprisane.
Førre veke lanserte regjeringa det dei kallar Norgespris på straum, ein fastpris på 40 øre per kWt frå 1. oktober.
– Her vil eg også vere ærleg og seie at eg trur vi venta for lenge. Vi skulle komme med den løysinga før, sa Støre og fortalde at energiminister Terje Aasland og helseminister og Ap-nestleiar Jan Christian Vestre hadde kjempa for dette internt i regjeringa.