Etter planen skulle stortingsrepresentantane votere den tysdagen, men behandlinga vart utsett til torsdag, melder NRK.
Miljøaktivistar demonstrerte framfor Stortinget tysdag for å kjempe mot å opne vassdraga. I dag har Noreg 390 verna vassdrag.
Eit breitt fleirtal beståande av Arbeidarpartiet, Høgre, Senterpartiet, Framstegspartiet har varsla at dei kjem til å stemme for ei slik opning. I utgangspunktet var også KrF for, men partiet har no snudd.
(©NPK)