350.000 elevar har for liten plass i friminutta, ifølgje minimumsnorma, som seier at kvar elev skal ha 50 kvadratmeter kvar. Foto: Erik Johansen / NTB / NPK
350.000 elevar har for liten plass i friminutta, ifølgje minimumsnorma, som seier at kvar elev skal ha 50 kvadratmeter kvar. Foto: Erik Johansen / NTB / NPK

To av fem norske skulegardar er for små

Nesten 40 prosent av norske grunnskular har for liten skulegard, viser ein ny rapport. I byane oppfyller berre 13 prosent minimumsnorma.

Minimumsnorma går ut på at kvar elev skal ha 50 kvadratmeter kvar, opplyser Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU). Rapporten viser at 39 prosent av grunnskulane har for liten skulegard.

– Uteområda har mykje å seie for barns utvikling, helse og trivsel, seier Emma Charlott A. Nordbø frå NMBU i ei pressemelding.

Ho er ein av forskarane bak rapporten, som er laga av Norsk institutt for naturforsking (NINA), Noregs idrettshøgskole (NIH) og NMBU på oppdrag frå Helsedirektoratet.

Funna viser at skulane i gjennomsnitt har 67 kvadratmeter per elev, men det er forskjellar mellom skulane, og mange har svært små uteområde.

Det er særleg i byane at uteområda er små.

– Berre 13 prosent av grunnskulane i urbane strøk har stort nok uteområde. Det vil seie at over 350.000 norske elevar kvar dag har for lite plass i friminutta, seier forskar og prosjektleiar Zander Venter i NINA.

Rapporten har vorte laga på bakgrunn av ei omfattande kartlegging av 372 representative grunnskular over heile landet.

(©NPK)