Svindlarane har sendt e-postar med namnet og logoen til Statens vegvesen, der dei ber mottakarane om å oppdatere førarkortinformasjonen sin og betale eit gebyr på 280 kroner. Illustrasjonsfoto: Berit Roald / NTB / NPK
Svindlarane har sendt e-postar med namnet og logoen til Statens vegvesen, der dei ber mottakarane om å oppdatere førarkortinformasjonen sin og betale eit gebyr på 280 kroner. Illustrasjonsfoto: Berit Roald / NTB / NPK

Vegvesenet politimelder svindlarar

Statens vegvesen har meldt svindlarar til politiet etter tips frå offer i ei svindelsak.

Svindlarane har utgitt seg for å vere Vegvesenet og har prøvd å få tilgang til folk sin BankID, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

Per Herman Pedersen, leiar av Krim-avdelinga i Statens vegvesen, forklarar alvoret i saka:

– Vi ser på hendinga som svært alvorleg. Gjerningspersonen får tilgang til Bank ID’en til offera, som gir tilgang til ikkje berre økonomiske midlar, men som kan bli brukt til mange andre typar kriminalitet.

Svindlarane har sendt e-postar med namnet og logoen til Statens vegvesen, der dei ber mottakarane om å oppdatere førarkortinformasjonen sin og betale eit gebyr på 280 kroner. E-postadressa til rekneskapsavdelinga i Vegvesenet har blitt misbrukt i svindelforsøka.

Vegvesenet arbeider førebyggjande mot slike svindelforsøk.

– Vi får ikkje hindra at svindlarane brukar namnet vårt. Men vi kan reservere nummeret vårt hos mobilselskapa, slutte å sende SMS og e-post med lenker, og vi kan vere raskt ute med hjelp når uhella skjer.

(©NPK)