Noreg er det tryggaste landet i Europa i trafikken. Foto: Knut Opeide / Statens vegvesen
Noreg er det tryggaste landet i Europa i trafikken. Foto: Knut Opeide / Statens vegvesen

10 år på trafikktryggleikstoppen

For tiande året på rad er Noreg det tryggaste landa i Europa når det gjeld trafikktryggleik.

For tiande året på rad er Noreg det tryggaste landa i Europa når det gjeld trafikktryggleik.

Førebelse tal viser at 89 døydde på norske vegar i fjor, og det er 16 drepne per ein million innbyggjarar. Dei siste tala frå EU-kommisjonen peikar ut Noreg som best i Europa.

Sverige kjem etter Noreg med 20 døde per million innbyggjarar, medan Danmark som tredje beste land med 24. Også Storbritannia, Sveits og Finland har låge tal, og alle dei tre landa har 31 døde per ein million innbyggjarar.

Dei høgste dødstala har Bulgaria (74) og Romania (77), medan snittet for EU var 44 drepne i trafikken per ein millionar innbyggjarar.

– Eg er glad for denne stadfestinga på at det gode arbeidet som er gjennomført over tid, gir resultat. Men vi er ambisiøse og har ein nullvisjon for drepne og hardt skadde i Noreg. Vi må intensivere trafikktryggleiksarbeidet, særleg på områda unge, MC, fart og rus, seier avdelingsdirektør Guro Ranes i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Ho meiner det er viktig å halde fram det gode samarbeidet på dette feltet. Det er samarbeidet, meiner ho, og at vi heile tida jobbar målretta, kunnskapsbasert og systematisk, som gjer at vi har ei positiv utvikling her i landet.

I EU-landa var det ein nedgang i dødstala med tre prosent frå 2023 til 2024. I Noreg var nedgangen på nesten 20 prosent.

(©NPK)