23.000 jordbrukarar får over 1,1 milliard

23.000 jordbrukarar får over 1,1 milliard

Miljøinnsatsen til bønder held fram. No får 23.000 søkjarar samla over 1,1 milliard til regionale miljøtilskot i jordbruket.

Søknadene til Regionale miljøtilskot i jordbruket er ferdig handsama. Om lag 23.000 søkjarar får fordelt over 1,1 milliard kroner på kontoane sine denne veka, skriv Landbruks- og matdepartementet
på nettstaden sin. Auken frå i fjor er på om lag 500 søknader.

I Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus går 70 prosent av midlane til tiltak som reduserer avrenning til vatn. I Innlandet blir 27 prosent av midlane brukte til å redusera avrenning til vatn, og 28 prosent til å vareta kulturminne og kulturmiljø.

Frå Rogaland i sør til Møre og Romsdal i nord, går mykje av midlane til tiltak som tek vare på kulturlandskap, kulturminne og kulturmiljø, og til tiltak som reduserer utslepp av ammoniakk og lystgass til luft.

I Rogaland, Trøndelag og Nordland går rundt ein femtedel av midlane til å ta vare på det biologiske mangfaldet knytt til jordbruket. I Agder og Troms og Finnmark går rundt 40 prosent av midlane til å skjøtta kulturlandskapet.

(©NPK)