I 2024 rydda frivillige i Noreg over ein million kilo søppel frå norsk natur. No står denne innsatsen i direkte fare.
I fleire år har Hold Norge Rent sett med bekymring på utviklinga av rammevilkåra frivillige skal operere under. Miljødirektoratets tilskotsordning mot marin forsøpling har sidan 2021 vorte redusert frå 70 millionar til 27,3 millionar i 2023. Ordninga skal bidra til oppryddingstiltak og førebyggjande tiltak for å redusere marin forsøpling i Noreg, og er ein av få tilskotsordningar for frivillige organisasjonar som jobbar mot forsøpling.
Gjennom tilskotsordninga har Miljødirektoratet dei siste åra også delt ut midlar til Refusjonsordninga for eigarlaust marint avfall, ei ordning som skal sikre kostnadsdekning for avfallsselskaps handtering av søppelet frivillige ryddar. Denne refusjonsordninga som Hold Norge Rent forvaltar på vegner av direktoratet er eittårig, og må søkjast om frå år til år, og ved utgangen av februar er det framleis ikkje avklart om ho blir vidareført i 2025.
Søgne Dykkerklubb, som er medlem av Hold Norge Rents Nettverk for frivillig opprydding, har i fleire år rydda langs sørlandskysten. No står klubben overfor store økonomiske utfordringar knytt til avfallshandtering.
– Til no i år har vi gjennomført 23 ryddeaksjonar, der det er brukt over 800 dugnadstimer på å fjerne søppel frå havet. Dersom kostnadsdekninga er så usikker som no, ser eg ikkje at vi kan halde fram med oppryddinga, skriv leiar for Søgne Dykkerklubb, Karl Klungland i ein e-post til Hold Norge Rent.
– Med stadig reduksjon i tilskotsrammene blir det sendt signal frå norske styresmakter om at innsatsen ikkje er verdsett. Det burde vere eit minimum at dei får garanti for dekning av kostnader, og at tilskotsrammene blir sett på eit nivå som speglar innsatsen, seier Cecilie Lindvall Wendelboe, dagleg leiar i Hold Norge Rent i ei pressemelding.
(©NPK)