På ei edelgran i bakhagen til ein barnehage midt i Oslo sentrum, sat nokre bitte små insekt på ei grein og gynga i takt medan dei vifta med bakbeina. Nysgjerrig på kva dette kunne vere, tok ein av dei tilsette opp ein filmsnutt av dei danseglade småkrypa. Filmen tikka etter kvart inn på telefonen til insektforskar Anders Endrestøl i Norsk institutt for naturforsking (Nina) via ein forskarkollega.
– Eg såg med ein gong at det måtte vere bladlus, men eg hadde aldri sett den synkrone «dansinga» før, fortel Endrestøl i ei pressemelding.
Han tok turen til barnehagen for å nøste opp i mysteriet. Der sat insekta framleis på den same edelgrankvisten og gynga i takt medan dei saug plantesaft. Endrestøl samla inn nokre individ som han kunne undersøkje nærare.
Og heilt rett: Det var ei bladlus. Nærare bestemt arten Cinara curvipes.
– Ho har ikkje noko norsk namn, for ho har aldri tidlegare vorte påvist i Noreg, fortel Endrestøl. Namnet «curvipes» har lusa fått på grunn av dei bua bakbeina. På engelsk heiter ho «bow-legged fir aphid», så kanskje vi kunne kalle det bogebeina edelgranbladlus på norsk?
– Truleg har lusa komme til bakhagen til barnehagen via eit importert juletre, seier Endrestøl.
– Sidan akkurat denne arten hovudsakleg er knytt til edelgran, vil han truleg ikkje gjere stor skade på norsk natur om han spreier seg. Lusa kan likevel skape utfordringar for norske juletreprodusentar, fortel Endrestøl.
(©NPK)