Eit sterkt fellesskap og gode relasjonar er avgjerande faktorar for trivsel og prestasjonar, medan lønn og arbeidsoppgåver speler ei mindre rolle, går det fram av rapporten frå Randstad.
– Mange arbeidsgivarar legg vekt på lønn og karriereutvikling for å tiltrekkje seg talent, men Randstad Workmonitor viser at arbeidsmiljøet er minst like viktig. Tilsette ønskjer ein arbeidsplass der dei føler seg sett og inkludert, og det må arbeidsgivarar ta på alvor, seier marknadsdirektør Christian Børresen i Randstad Norge, i ei pressemelding.
Rapporten syner at 80 prosent av dei tilsette ser på nokre av kollegaene sine som venner, og 70 prosent sosialiserer med kollegaer utanfor jobben. Dette understrekar kor viktig arbeidsplassen er som sosial arena.
Undersøkinga viser òg at mangfald og inkludering er viktige element i eit godt arbeidsmiljø. Heile 87 prosent av respondentane seier at dei lett kjem overeins med kollegaer frå ulike bakgrunnar.
(©NPK)