Resultata har vorte svært mykje betre for behandling med stamcelletransplantasjon mot lymfon, kreftsjukdommar i lymfesystemet. Det gir håp.
Lymfom er samleomgrep på kreft utvikla frå celler i lymfesystemet, og kreftforma kan vere svært aggressiv.
Siste utveg for pasientar som ikkje responderer på konvensjonell behandling, er ofte allogen stamcelletransplantasjon. Der blir blodstamcellene til pasienten erstatta med friske stamceller frå ein donor.
Risikoen for komplikasjonar ved ei slik behandling er høg, men pilene peikar rett veg.
Ein ny studie frå Oslo universitetssjukehus (OUS), publisert i Tidsskrift for Den norske legeforening
, har følgt 120 pasientar behandla med metoden i perioden 2011 til 2021. I dei første fem åra av perioden var førekomsten av alvorleg transplantat-mot-vert-sjukdom frå 20 prosent. Frå 2016 til 2021 var førekomsten 7 prosent.
Andelen pasientar som lever utan tilbakefall eller alvorlege komplikasjonar etter to år, er meir enn dobla, frå 22 prosent til 47 prosent.
– Desse funna er svært oppmuntrande og viser at vi er på rett veg med å forbetre behandlinga for lymfompasientar, skriv forskarane bak studien.
(©NPK)