Eksempel på norsk brunbjørn. Denne krabaten bur i Bjørneparken i Flå i Hallingdal. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK
Eksempel på norsk brunbjørn. Denne krabaten bur i Bjørneparken i Flå i Hallingdal. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK

– Brunbjørnen meir glad i bær enn kjøt

Ny, norsk forsking slår fast at brunbjørnen likar bær betre enn kjøt.

Ny, norsk forsking slår fast at brunbjørnen likar bær betre enn kjøt.

Brunbjørnen er det største og sterkaste rovdyret som lever på land i Europa. Han kan bli opptil 2,3 meter lang, og hannen veg opp mot 300 kilo. Trass i storleiken viser forsking frå Universitetet i Søraust-Noreg at bjørnen et langt mindre elg og endå meir bær enn ein tidlegare har rekna med.

Blåbær er den klare favoritten.

– Bjørnen et berre 12 prosent kjøt årleg trass i god tilgang på elg og anna kjøt i leveområdet sitt. Dette føyer seg inn i rekka av stadig fleire bevis på at vi tidlegare har overvurdert kjøtetinga. Heile 89 prosent av kosthaldet består av bær, seier forskar Ashlee Jean Mikkelsen.

Ho er frå delstaten Washington i USA og reiste til Noreg og Bø i Telemark for å forske på bjørn. Her har ho fullført doktorgraden sin i økologi. Avhandlinga handlar om kosthald hos brunbjørn og korleis bjørnen fordeler energiforbruket sitt mellom eigen vekst og reproduksjon.

Mikkelsen har undersøkt kva brunbjørnen et, kor store dei blir og korleis dei formeirar seg.

– Når bærproduksjonen er låg, påverkar det bjørnen sitt val av mat. Men han vil likevel har meir bær enn elg, sjølv når det er mykje elg i området. Bjørnen veit at å jakte på elg krev meir energi, medan det krev mindre innsats å plukke bær, seier Mikkelsen, ifølgje Forskning.no.

(©NPK)