Han fryktar at bilistane kjem til å møte på farleg dårlege vegar mange stader når vinteren er over.
– Kvar einaste vår ser vi skadar som har skjedd på grunn av dårlege vegar. Det er punkterte dekk, skadde felgar, øydelagde støytdemparar og skeive hjulstillingar. Hol i vegane, telehiv i bakken og smale vegar set spor på mange bilar, seier Ytre-Hauge i ei pressemelding.
Det aller verste er likevel når ulykkene endar med dødsfall eller alvorlege personskadar, meiner han.
I januar i år kom Vegtilsynet med ein tilsynsrapport om vedlikehald av vegdekke. Her kjem det fram at dårlege vegar var ei medverkande årsaka til ei av fire dødsulykker på norske vegar i 2023. Undersøkinga gjaldt riks- og europavegar, som er rundt ti prosent av vegnettet. Statens vegvesen har ansvaret for desse vegane.
Også fylkes- og kommunevegane har eit stort etterslep på vedlikehald, går det fram av ein rapport frå Riksrevisjonen frå 2023.
(©NPK)