Noreg har betre kontroll på dyr som kjem til landet no enn vi hadde i 2017 seier EØS-tilsynet Esa.
FOTO: Kari Hamre / NPK
Esa gir Noreg matimportros
Noreg har styrkt kontrollen av matvarer av animalsk opphav som blir importert til landet, heiter det i ein ny rapport frå EØS-tilsynet Esa.
I perioden 6. til 19. november i fjor gjennomførte Esa ein revisjon for å kontrollere Noregs etterleving av EØS-regelverket.
– I rapporten konkluderer Esa at Noreg har forbetra importkontrollsystemet sidan 2017, skriv tilsynet i ei pressemelding.
Samtidig noterte Esa at fleire korrigerande tiltak frå 2017 ikkje var gjennomført fullt ut.