Fagforbundet foreslår at LO skal jobbe for ein leksefri skule. Dei møter motstand frå Skolenes landsforbund.
– Det er moglegheita barna har til fri leik som må styrkjast, seier Tarjei Leistad i Fagforbundet i Trøndelag, som har fremja forslaget i Fagforbundet, til Klassekampen.
Også frå LO i Trøndelag har det komme eit tilsvarande forslag. Begge argumenterer med at det ikkje er ein tydeleg samanheng mellom lekser og læring, og at lekser bidreg til forskjellar.
– Det er ikkje alle ungar som har ressurssterke foreldre som set seg ned og hjelper med lekser, seier Stian Sagvold, som stiller som tredjekandidat for Arbeidarpartiet i Nord-Trøndelag til stortingsvalet i september.
Skolenes landsforbund, som organiserer lærarane i LO, støttar ikkje forslaget.
Mette Johnsen Walker, forbundsleiar i Skolenes landsforbund, seier kvar enkelt lærar sjølv kan avgjere om det skal vere lekser eller ikkje.
– Av og til kan det vere greitt med leksefri, andre gonger ikkje. Det er vanskeleg å generalisere, seier Walker.
(©NPK)