Miljødirektoratet har funne miljøfarleg stoff i fleire kosmetikkprodukt. Foto: Miljødirektoratet
Miljødirektoratet har funne miljøfarleg stoff i fleire kosmetikkprodukt. Foto: Miljødirektoratet

Fann miljøfarlege stoff i kosmetikk

Miljødirektoratet har funne miljøfarlege stoff i kontroll av kosmetikk som er til sals i den norske marknaden.

Direktoratet opplyser i ei pressemelding at dei har delteke i eit europeisk tilsynsprosjekt for kosmetikk på jakt etter PFCA (perfluorononyl dimethicone). Stoffet er miljøfarleg og vart forbode frå 2023.

Til saman 4500 produkt vart undersøkte. I den europeiske kontrollen vart det funne forbodne stoff i seks prosent av dei kontrollerte produkta, men det var stor variasjon frå land til land. Dei forbodne produkta var i alle prisklasser.

Miljødirektoratet kontrollerte 43 produkt frå 14 nettbutikkar, og det vart funne PFCA i ingredienslista til ti produkt frå ti ulike nettbutikkar. Det gjaldt eyeliner, lipliner, hårserum og barberkrem. Verksemdene som stod bak nettbutikkane var i hovudsak norske.

– Nettbutikkane stansa salet av dei ulovlege produkta etter at vi bad dei om det. Verksemdene som importerer og sel kosmetikk er ansvarlege for å sjekke kva produkta inneheld og unngå forbodne stoff, seier Anne-Marie Vikla, avdelingsdirektør i Miljødirektoratet.

(©NPK)